Historia om Førjulsturneringa

I dei dagane lét Svein Arve Alnes, Jan Arild Austnes og Kasper L Mannsverk lysa ut at det skulle arrangerast førjulsturnering i Godøyhallen. Dette var fyrste gongen dei arrangerte førjulsturnering, og det hende medan Hans Petter Godø var formann i hallstyret. Då fór alle heim, kvar til sitt lag, og byrja trene til førjulsturneringa. Mange fór frå byen Oslo på østlandet og opp til Trondheim litt lenger nord, videre ned til Bergen, og videre til turneringsstaden, som heiter Godøya, for dei høyrde til fotballentusiastane, og skulle spele litt fotball der. Kvinnene, damene deira, var med dei. Dei venta alle på siger.
Dei fleste spelarane var frå grannelaget, som låg utanfor Ålesund og dei vakta BMW'ane sine om natta. Best det var, stod ein plakat på butikken framfor dei, og fotballens herlegdom lyste kringom dei. Då vart dei fælande redde. Men plakaten sa til dei: «Ver ikkje redde! Eg kjem med bod til dykk om ei stor glede som skal timast alt folket. Det er førjulsturnering i Godøyhallen. Og det skal de ha til teikn: De skal forma eit lag som inneheld maks. 2-alagsspillere og resten skal vere over 13 år..». Brått var det ein stor hær av andre spelarar framfor plakaten; dei lova plakatskrivaren og kvad:

«Vi digger deg med eit rop.
Fotball og jul høyrer i hop»

Då plakatane hadde gitt frå seg sitt budskap, sa fotballspelarane til kvarandre: «Lat oss køyre ut på Godøya og vere med på dette som skal skje, og som plakaten har kunngjort oss.» Så skunda dei seg dit og fekk sjå alle dei andre laga som skulle vere med. Då dei fekk sjå det, fortalde dei alt som hadde vorte sagt dei om denne turneringa. Alle som spelte fotball den dagen, undra seg over at det kunne arrangerast ei så bra turnering på Godøya. Ut på natta vende spelarane attende, medan dei lova og prisa turneringa for det dei hadde opplevd og sett; alt var så som det hadde vorte sagt dei.



Klikk på årstalla for å se de tidligere sidene våre